Opphav: Telnes, Svanhild Amdal
Utgivelsesår: 2018
Språk: Norsk Nynorsk
Medietype: Bok
Kategori: Skjønnlitteratur
Utgiver: Gyldendal
ISBN: 9788205511859 978-82-05-51185-9
Beskrivelse: Anna veks opp med ei valdeleg og dominerande mor, ein veik, men støttande far og ein bror som gjer ting brør absolutt ikkje bør gjere. Så blir ho kjærast med Jakob, og alt ser lysare ut. Dei flyttar saman, og i nokre månader er dei eit slikt par som ein ser på gata, smilande og mysande mot sola. Men det er noko som luggar i Anna. Minner frå oppveksten, bilete som trugar med å spele seg ut. «Om nettene brukar mor dråpeteljar» er ei samling dikt om svik og sinne, sakn og sorg, men òg om styrke og støtte. Dette er Svanhild Amdal Telnes si første bok. Omtalen er utarbeidd av BS.